Saturday, September 12, 2009

Endå ein stor mann frå heimbygda

Så er det ikkje alt i verda som er perfekt. Eg er til dømes ikkje gift. Eg får heller ikkje pengar av staten for å gå rundt og vere lang. Men det ordnar seg alltid for nokon. I heimbygda mi, som eg er gruelig stolt av, har dei ein mannleg heiagjeng ledar.
Ein
mannleg
heiagjeng
ledar.
Mannleg
heiagjeng.
Heiagjeng
mann.
Mann
heiagjeng.
Ein ser problemet. Menn er ikkje medlem av ein heiagjeng. Menn kan sjå fotball, dei kan køyra bil, dei kan hamra spiker inn i veggen og dei kan drikka øl; dei kan ikkje vere med i ein heiagjeng. Det strid mot naturen; på same måte som om FRP skulle komme i regjering. -host-

http://www.ryfylke.net/index.cfm?event=doLink&famID=95442&frontFamID=53348

Som mang ein vis mann, og ei og anna kvinne, har påpeikt – er ikkje Sauda heilt som andre stadar i Noreg. Eg har ved tidlegare høve fått kjeft for manglande forståing for den sportslege delen av å hoppa opp og ned med små duskar. Eg står framleis på at det ikkje er ein ordentleg sport, og eg står på at ein mann som driv med heiagjeng aktivitetar ikkje er ein idrettsutøvar.

Men som ein ser, litt over, stopper ikkje det lokalavisa for å finne glede i det faktumet at den brave unge mann (denne gongen ikkje meg) var den beste mannlege heiagjeng leiaren i ein audition i hovudstaden. Noko som fekk meg til å tenke. Det er klart, eg har muligheit vore slem mot heiagjeng leiarane gjennom åra. Det kan henda eg har kalla dei forblåste blondine etterlikningar med små dustete duskar, men det tyder ikkje at eg ikkje innser at dei er dyktige; i det dei gjer. Når det kjem til å hoppa opp og ned, eller vifte febrilsk med hendene, er eg ikkje framand for å bli impregnert. Eg vert reint ut gravid. Men når vart audition ein del av idrettsutøving? Eg kan gå med på at ein må til audition for å dansa, eller for å verta med på X-faktor, men når ein fotballspelarar må inn på audition for å verta eit medlem av RBK, då er det noko gale i verda. Eller med fotballen.

No har eg aldri vore på ein av desse såkalla auditionane. Eg har sett på både Idol og X-faktor, så eg veit jo sjølvsagt kva som skjer i det vesle rommet. Ei gruppe på tre uhøflege menneskje sitter bak eit bord og mobbe deg, mens dei gjer dette fortel to personar utanfor døra eit kamera at dei synes du er søt og hyggeleg. Noko som umiddelbart vert etterfølgt av at du spring ut av rommet med rennande tårer. Desse tårene er obligatoriske. Om ein ikkje gret når ein går ut av rommet, må ein vere overraska eller overmenneskeleg lykkeleg (nett som då ein var spedborn og fekk ein kjærleikstaur ein ikkje forventa – ikkje ein slik ein frå han Jackson – øh).

Så denne unge guten har, for å gjera ein kort historie kortare, fått lov til å bli med dei beste av dei beste i Norge til å hoppe opp og ned på same staden. Noko lokalsamfunnet føler er storleg og meisterleg.

Det er berre eit lite problem. Eg er nemlig vaken nok til å huske då den første, og til no den einaste veldig åpne, homofile i bygda dukka opp i full blomstring. Eg huske at dei kviskra: "Han har blinkande hælar på skoa sine, og sånn lilla velur dress." Eg tenkte: "Det er litt snasent det der.", og vart umiddelbart redd for min eigen legning. Vel, til eg kom på at han var ein mann, då gjekk det over. Men generelt, ingenting imot homofile, i det heile. Ikkje at eg seie at Mats F. Nørgaard er homofil. Eg kan tenke meg at han blei medlem av heiagjengen for å komme nærare innpå kvinna i hans unge liv. Me har gjort verre ting, JC og eg. Me har brukt dei verste av sjekketriks. Me song karaoke. Likevell er me litt mistenksame. Eg trur eigentleg alle er det. Sånn heilt innerst inne. Det er ikkje noko galt i kva guten er, men la oss vere ærlege; han er ikkje heilt normalt mannebein, er han vel.

Som er heilt ok. Han er sikkert ein koseleg kar.

Eg seie ikkje at han er homo, eg gjer ikkje det. Sånn eigentleg.