Av og til set eg meg ned med til dels antimoraliserande litteratur. Litteratur som hyllar valdsmenn, ransmenn og kidnapparar. Vald, seie desse bøkene, er noko som gjer mennesket til gudar. Mennesket kan gjennom vald heva seg over sine medmenneske. Når dei tvingar seg inn i eit gråtande barn har dei den fulle kontrollen over seg sjølv og sin veren. Dette må me kunne innsjå er eit klart poeng i ein slik debatt. Nå skal ikkje eg forsvare valdsmenn (eller kvinner). Dei er gruelege menneske. Vonde, i den grad vondskap er eit ord me brukar, av den grunn at dei ikkje ser andre menneske i seg sjølv. På den anna kanten kan ikkje noko menneske handla utan å rettferdiggjer det for seg sjølv. Dei må kvar dag sjå seg sjølv i spegelen, stirra inn i eigne auge og fortelje seg sjølv at dette, dette er til det beste for den verda dei har plassert seg i.
Slik trur eg Fritzl har hatt det. Når han, etter ni timar i kjellaren, kom opp igjen og dusja inne på badet. Då trur eg Fritzl såg seg i spegelen og såg demonen i seg sjølv. Eg håpar at han følte avskyen for sine eigne handlingar; men eg innser og at han gravla den avskyen bak ei maske av herredøme. "Kven er eg?", ropar den store kvite rotta i Hjorteparken. "Bølla! Bølla! Bølla!", rungar svaret under steinen. "Kven er eg?" spurte Friztl seg sjølv. "Gud! Gud! Gud!" Noko anna vil eg påstå ikkje er realistisk.
Men eg skal ikkje nekte for at det er trygt å vete at Fritzl nå sit bak 'trygge' murar i Austerrike. Det set eit punktum for ofra hans; og det er ofra det er synd i, ikkje Fritzl. Det er ofra me skal føle medynk med, ikkje Fritzl. Når ein guddom drit på draget er det dei truande sin plikt å snu seg vekk frå han. Det har dei klart no. Dei har sluppen ut frå den konstruerte verda han gav dei. Dei har, for å vere enkel, tatt Platon i næringa.
Det som plagar meg er når Dagbladet, VG og alle andre aviser stridar om å sende ut bilete, historier og detaljar om livet i kjellaren. Det er namnet åt sensasjon me krevje dette. Me vil sjå Fritzl gassa seg på stranda i Thailand. Me vil lese korleis bordell-mannen fortel om Fritzl sine krav til prostituerte. Dei skulle vera lik. Dei skulle slå, bli slått og leve ut fantasiane hans. Han fortel at det var merkverdig oppførsel; men han lyfta ikkje augebryna av den grunn. (Det har han venta med å begynne med til no.)
Eg starta med å spørje om det finnast demonisk vondskap. Eg har jobba mykje med nett det spørsmålet gjennom livet. Eg har plaga prestar, filosofar og andre uskuldige med stikkande blikk og plagsame spørsmål; og framleis vil eg verta plaga av det. Det som er sikkert er at eg ikkje kjøpar at incestmonsteret, som VG kallar han, er ein vond demon. Han har tatt eit veldig feil val i livet. Han har handla på ein måte som ikkje er sunn for verken seg sjølv eller resten av familien. Når ham så ber om å møte familien tyder dette på dårleg sjølvinnsikt. Falne gudar bør vere nett det, falne. Han kan ikkje forventa å klatra opp på ein ny pidestall.

1 comment:
Det slår meg at nynorsk er eit fint språk å kviskra vakre ord med, men ikkje heilt bra nett her.
G
Post a Comment