Det var ein tidleg morgon at eg gjekk i skogen inn.
Eg fann ei edel kvinne der med rose raude kinn.
Eg sa: "kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?"
"eg tek snapshots med mit kamera" sa ho, då eg kom nær.
Det er ein merkedag det her, mi kjære møy sa eg.
For eg er og ein fotograf med same mål som deg.
Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand.
Ho sa: "så flott eit apparat du har min gode mann."
Mitt kamera lika ho så vel at utan vente tid,
så åpna ho den fløyelkledde kameraveska si.
"slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy" sa eg.
"lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg."
Så knipsa vi mot solefall, og så mot låvedør.
Uvande vinklar fann vi flust som ikkje var funne før.
Ho hadde åpen blendar og lang eksponeringstid.
Eg hadde farga filter på mitt teleobjektiv.
Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min venn.
Ho had'kje før fått rullen ut, så var ho budd igjen.
Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min.
Så fanga ho oss båe inn med sjølvutløysaran sin.
Ho sa: "Eg har hatt Kodak, eg har hatt ein Hasselblad.
Pentax og Minolta tykte eg var nokså bra.
Yashika og Olympus kunne også godt gå an.
Men å knipsa med din Nikon F, var topp min gode mann."
- Og dere trodde norsklærere tok ferie. Fy skamme seg!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

1 comment:
http://youtube.com/watch?v=RgEOrAE2mYs
Post a Comment